Båtar i Voldneskonsernet

Opp i gjennom åra har Voldneskonsernet hatt mange båtar i ulike storleikar og typer. Vi har her prøvd å få fram dei båtane som var heileigde eller direkte knytta til verksemda. Vi veit at der var mange båtar som vart innleigde til ulike føremål, men dei har vi ikkje oversikt over.

I Fosnavåg

M/K «Nor I» vart innkjøpt i 1916 samtidig med oppstarten i Fosnavåg. Klinkerbygd kutter på kring 30 fot. Nytta som slepe og føringsbåt fram til 1936. Før GEVO-anlegget på utsida av Fosnavåg havn var klart (kring 1950) måtte «Nor» slepe lektarar inn og ut av havna til fartøy ute på Holmefjorden. På tomta der Fosnavåg Canning fekk sitt anlegg i Nørvågen stod der før eit lager for tørrsei og klippfisk. Dels salta anlegget i Ura fisk frå Sunnmøre og dels fisk frå nordnorge (Lofoten). Fisken vart so sett vekk for leigetørking på berg for ei godtgjering pr. 1000 fisk.  Gamle «Nor» måtte derfor trå til med å frakte fisken til tørkarane kring om i distriktet som til Rovde, Leinøya, Gurskøya og Nerlandsøya. Frå «Nor» og andre føringsbåtar vart fisken ført til lands (til tørkarane sine naust..) med dorryar eller færingar. Der sette so ofte kvinner og born i gong med vasking av fisken. Dette kunne ofte skje i ein båt fyllt med vatn. Deretter var det å stelle og tørke. Dette var ei kjærkoma ekstrainntekt for folka på øyane.

M/KR «Havsulen». Dette var det andre fartøyet i verksemda innkjøpt alt i 1917. Dette er også den båten som Ulsteinkonsernet reknar som sitt første store oppdrag og starten på sitt konsern, i det dei (Martin Ulstein) foretok ei større ombygging av båten i 1917. «Havsulen» var bygd på Onsøy i 1905, 67,4 fot, motor Avance 44 hk. 1938 Union 60 hk. Ombygd i 1948 til 85 fot, ny motor, Wichmann 150 hk.  «Havsulen» var første båten i Herøy med ekkolodd  (1946), og alltid av toppbåtane i ulike fiskeri også før ekkoloddet.  Båten vart også nytta til fraktfart for verksemda utanom sesongen slik som «Nor».

Under krigen var det fare for at fabrikken i Ura skulle bli bomba og båten vart då flytta ut til sentrum av Fosnavåg. Engelskmennene bomma på fabrikken men traff båten som låg i sentrum. Bomba eksploderte under den og den sokk. Ingen vart skada. Båten vart reparert og satt i drift.  På veg til klassing i Romsdalen forliste båten ved Grasøyane 2/5 1960. Mannskapet på 2 gjekk i flåta og vart redda av «Flåvær» som var i området.

M/K «NOR II» 1936. Avløyste «Nor I». Kutter på kring 30 fot. Førings og slepebåt. Motor var truleg 18 hk Hein.

M/K «Viking» vart innkjøpt i 1936. Den var bygd i 1914 , 45,5 fot. Motor Alpha 18 hk. 1936 ny motor Rap 45 hk. Båten var i frakt og fiske i Herøy når den vart kjøpt.  Den lasta 150 hl. sild.  «Viking» vart brukt som fraktebåt mellom Fosnavåg og Ålesund, men også som slepebåt både av pramer og seinare ved sjøsettingar ved verftet.  På 1950 talet fekk båten nytt styrehus i aluminium og innsett ein Wichmann 40 hk semidiesel, som seinare vart ombygd til diesel med «firkanta» sylinder frå ein 50 hk. Motoren fekk etter dette ein særs karakteristisk lyd.  «Viking» vart seld til Bud i 1977, og nytta til frakt av fiskeavfall.  Søkklasta med fiskeavfall sokk «Viking» ved kai ved Slinningen i Ålesund i 1980 eller 81.  Og der ligg båten enno. Ynda mål for dykkarar.

M/J «Havterna» ex «Lina». Bygd 1874 stad ukjent, som jakt.  70,3 fot. Innkjøpt frå Kristiansund i 1941, var då lekter der. Vart ombygd og sett i fraktfart i 1945, innsett ny motor-Wichmann 150 hk. 1951ombygd til fiskebåt og forlengd til 91,2 fot.  Båten deltok i snurpefiske etter både sild og lodde.  Vart stasjonert i Honningsvåg på slutten av 1950 talet men kom attende til Fosnavåg tidleg 1960 tal.  Vart rigga ned og senka på Vikedjupet i 1965. Masta då flytta over på MK «Knutson» av Remøy etter at deira mast hadde vorte knekt under fiske tidlegare på året.

S/S «Stolmen», lekter. Innkjøpt i 1944 og nytta som losjibåt. Båten var bygd i 1893 i Frankrike som tomastra seglskip.  Les meir om «Stolmen» i Herøybåtar s.222. M.a. meinte folk at det spøkte ombord. Enda sine dagar på Runde der folk nytta materialen til ulike føremål.

M/K «Havhesten» ex «Ernst». Bygd i England i 1862 (Hull). 61.9 fot.  Innkjøpt som vrak i 1945 og bygd opp att ved Nerem-slippen i Fosnavåg. Ny motor Union 60 hk. Litt brukt til fiske, men mest til fraktfart av singel og sand og frosnevarer.  Båten krasja med voldaferga i Voldsfjorden fullasta med sand i 1970. Ein var redd for at den skulle sekke, men det gjorde den ikkje. Vart lagt til slippen i Nørvågen og rigga ned, kondemnert og senka på Vikedjupet i 1971.

D/S «Nordfjord» bygd som «Arendal» i 1865 ved Motala Verken i Gøteborg. 113,7 fot. Gjekk opp ruta for det som skulle bli fast rute Oslo-Bergen i 1870 åra. Legendariske Richard With kjøpte båten og døypte den om til «Vesteraalen».  Båten gjekk då også opp ruta for det som skulle bli hurtigruta. Seinare fast rute Bergen-Ålesund. Båten har ei eineståande historie og status i Norsk sjøfartshistorie. Innkjøpt som losjibåt i 1947 frå Møre Fylke.  Ombygd på Hjørungavågg Mek. i 1952 og fekk styrehus akter og ny dieselmaskin,Wichmann 240 hk. Gjekk i fraktfart for eige konsern, men tok og fraktoppdrag for andre. Lagt i opplag 1970, opphogd 1976. Båten var den tredje eldste i skipsregistra i Norge. Ein av livbåtane og div. navigasjonsutstyr finns fortsatt hjå oss.

M/S «Fosnavaag», tilhøyrde firmaet Fosnavåg Havfiske AS der Voldnes var medeigar frå 1948. Norges største snurpar i 1950. Båten var bygd av jern i Middlesbrough i England i 1924 som kvalbåt med navn «Silva». Ombygd ved Bolsønes i 1950 til line og snurpefartøy. 129,6 fot, Deutz 500 hk. I 1956 overtok Voldnes partane til Johs Melvær, Ole Leikanger og Ivar Knutsen, i 1958 seld til Johan E Hareide, Hareid og fekk namnet  «Hareidingen». I 1968 fekk han namnet «Nordingen». Opphogd 1970.

D/S «Nauma», bygd ved Trondhjems Mek. i 1891. Innherred DS.  innkjøpt og nytta som losjibåt kring 1950 – 1956. Var ikkje behov for den lenger når velferdshuset Urheim stod ferdig i 1956. Vart rigga ned i 1956, vidare skebne uviss, men truleg hogd då.

M/K «NOR III»  kjøpt inn kring 1950. Var i drift til slutten av 1960 åra. Motor, ein svensk Ellewe semidiesel.  Den skulle nyttast ein siste gong og hente noko. Når karane kom attende til Fosnavåg stoppa motoren rett før kaia. Ikkje råd å få den i gong att ! 

M/S «Vabak», minesveipar bygd 1943 i England. Motor Fairbanks 500 hk. 139.9 fot.  Innkjøpt 1961. Vart funne så mykje rote og kolfyr at båten ikkje kunne bergast.  Motoren difor nytta i «Fosnavåg» M-10-HØ. Senka på Vikedjupet i 1964.

M/S «Fosnavåg» ex. Le Touquet, fransk trålar bygd i 1949. Henta i Milford Haven i England, og vart Voldnes Skipsverft AS sitt første oppdrag. Erstatning for Vabak.  Ombygd til snurpar med notbåtar og det heile i 1963. Var i drift som fiske og fraktbåt. Vart seld til Afrika i 1977 og fekk navnet «Semle Federesen».  Kondemnert i 1987. Gikk rykte om at det også hadde vore mytteri ombord på Afrikakysten, og båten var funnen drivande utan folk. Båten vart rigga ned, senka og omgjort til dykkemål.  Mykje bilder og film på nettet om båten.

M/S «Willy» svenskeskøyte frå 1914 , 48,8 fot. innkjøpt 1965 rigga ned og nytta som lekter til fryseriet.  Vart seld til Bud i 1977 og sokk i ei fjøre der nokre år seinare.

M/B «Palefjord» var ein ombygd notbåt etter «Havterna». Brukt av fryseriet til småfrakt mellom anna av  levande sei frå steng ute på Holmefjorden. Seld som fritidsbåt i 1975.

M/B «Frida» ombygd notbåt til dykkerbåt.  Hadde stige og luftkompressor for dykkar. Vart destruert på slutten av 1980 talet.

M/F «Andrea Doria» eller «steinprama» var pæle og kranfartøy. Ei tidlegare ferge.innkjøpt kring 1962. Sokk ved kai i  Ura 1980 og ligg under kaia der.

M/K «Thor» vart kjøpt frå Volda i 1970 og nytta som skitprame.  Feitt frå fabrikken som ikkje kunne prosesserast vidare vart pumpa ombord i 4 tankar i «Thor». Deretter tok «Viking» med seg «Thor» ut på Holmefjorden og pumpa feittet overbord. «Thor» var bygd av jarn og hadde opprinneleg dampmaskin.  Hadde einsylindra semidiesel truleg 60 hk Wichmann når den kom til oss. Sokk ved kai i Ura i 1977.  I 1978 drog kystvaktskipet «Nordsjøbas» båten med seg for å sekke den  på djupt vatn. Utanfor innløpet til Fosnavåg kilte den seg fast mellom nokre steinar og ligg der på ca. 15 meters djupne. Litt artigt er det å nemne at på styrhusfronten til THOR fjerna Russen i Volda T’en.. Den fekk dermed eit litt uvanleg båtnamn. Vart omtala i media denne saka ..!

M/S «Gevobulk» var første nybygg ved Voldnes Skipsverft AS, levert 1964, gudmor var Rigmor Voldnes. 55 meter lang, Wichmann 1050hk. Forlengd ved Hjørungavåg Mek.  i 1969 til 73 meter.  Dette nybygget tok relativ lang tid å bygge i det ein nytta arbeidsstyrka også i fiskeproduksjonen !  og verftet hadde elles få fagfolk på skipsbygginga. Båten vart bygd for eiga rekning og gjekk inn i frakt av firmaet sine varer. Seld til Stavanger i 1971. Seinare seld til Polen og opphogd der på 1980 talet (truleg 1985).

M/T «Gevotank» var andre byggenummer ved verftet, levert 1965, gudmor var Liv Voldnes. Lengd 60,8 meter. MAK 1100 hk. Var under bygging frå februar 1964, sjøsett mai 65 og levert september 1965. Seld til Polen i 1972, men var i 2009 i drift i Peru. Gikk i fraktfart med sildolje.

M/T «Gevostar» var byggenummer 9 ved verftet, levert 1969, gudmor var Mimmi Voldnes.Lengd 72,69 meter. MAK 1600hk. Nytta til frakt av sildolje langs kysten, men og til fjerne farvatn. 1986 seld til Fosnavåg Øk&Regnskap AS, i 1992 til Braconda Shipping Stavanger. I 2008 seld til Afrika som bunkersbåt.

M/T «Aksnes», bygd ved Glommens Verksted 1944, 160 fot.  Innkjøpt 1948. Gjekk i fart med sildolje for verksemda.

Truleg var «AKSNES »  verdas første båt som gikk med sild i tankane som føringbåt.  Dette vart gjort med islandssild som forsøksprosjekt midt på 1950 talet. Resultatet var ikkje heilt topp..  Seld i 1969 når «GEVOSTAR» kom i drift. Opphogd på 2000 talet ved Drammen..

Måløy

 M/B «Sandfalken» var taubåt på 40 fot innkjøpt frå Høydalen kring 1970. I bruk til 1993, opphogd 2008.  140 hk Hjelseth.

M/K «Flodhesten» var slogbåt i tre på 40 fot, i bruk til 1991, opphogd.

M/K «Skotningen» var føringsbåt på ca. 60 fot i tre. Seld kring 1991. Vidare skebne uviss..

M/S «Martin C» var føringsbåt i stål,  innkjøpt 1988.

«Havhesten», nybygd slogbåt på 50 fot  (Voldnes Skipsverft AS). Levert i 1990

«Trikken»  føringsbåt ex. damskip på kring 70 fot av jarn. I sving til kring 2007.

Honningsvåg;

«Norsol» – føringsbåt,  trekutter på 40 fot.

«Ulabrand» – føringsbåt

Haugsholmen

M/B «Bølgen» passasjerbåt, innleigd.