Firmahistorie

Gerh. Voldnes AS har historikk attende til 1912, med etablering i 1917.  Verksemda har ei rik og spanande historie.

Særleg på 1940, 50 og 60 talet var føretaket stort, og i periodar det største private fiskerikonsernet i Noreg. I sildesesongane i desse åra var kring 1000 personar sysselsett i konsernet. Etter endringar i drifta på midten av 1970 talet er Gerh.Voldnes AS eit reint eigedomsselskap.

Litt formahistorie

Medaljer for «LANG OG TRU TENESTE». Verksemda var i mange år eit stort føretak med mange tilsette. Fleire av desse har fått Norges Vels medalje for lang og tru teneste. Dei første alt i 1952.

1952;
Paul Worren, Johs. Sjåstad, Mathias Hjelmeseth, Nic. Kvalsvik, Lars Voldnes og Adolf Dypvik

1967;
Oline Nørvåg, H. Nygjerde, Rakel Dyrendal, Chr. Brekke, J.Jøsok, A. Berge, Rasmus Nørvåg, Karl Koppen, Torleif Pettersen, A. Arnesen, Martin Roksvåg, Olav Thorseth, Gerhard Olsen, Arild Støylen, Peder Worren, Oluf Arnesen, Gustav Pettersen. Olav H Myklebust.

1972;
Ragnar Myklebust, Leif Andreassen, Leiv Karlsen, Ludvik Hagen.

1978;
Mads Leine, Sigurd Olsen, Knut Knutsen

1984;
Johan Muldskreddal, Marton Myklebust, Norvald Brekke, Karen Gjertnes.

1988;
Alf Dyrendal, Paul Brekke, Oddmund Igesund, Oscar Hasfjord

1992;
Asbjørn Nedreberg, Godtfred Espeseth, Harald Melvær, Arnfinn Berge, Sigmund Nymark, Sverre Smådal, Steinar Kvalsund, Harald Arnesen, Atle Berge, Ove Myklebust, Ludvig Hansen, Baltzer Baltzersen.

1996;
Andreas Fosnavåg, Hans Leine.

2001;
Sigmund Voldsund, Bjørn Frantsen

2004;
Britt Kirsti Berge, Sindre Notø.

2007;
Ståle Myklebust.

I tillegg har Olav Thorseth og Peder P Worren fått Kongens Fortenestemedalje i sølv.

Ved dotterselskapa Måløy Sildoljefabrik AS og Sild og Fiskeindustri AS i Honningsvåg har ein og mange tilsette som har fått den same utmerkinga i perioda fram til 1994. Etter den tida var ikkje desse selskapa ein del av Voldnes konsernet. Sjå lenger nede.

Historie

«Voldneskonsernet» vart etterkvart eit kjent begrep innan norsk fiskerinæring. Etter opp og nedgangar i åra 1915 til 1933, vart det særleg frå midten av 1930 åra ei kraftig utvikling i konsernet.

Fosnavåg kring 1930

Verksemda vaks jevnt og trutt og vart til slutt norges største private fiskerikonsern på 1950 og 60 talet. Etter nokre tunge år på 1970 talet vart verksemda redusert til eit
????????????????????

Etter påtrykk frå ulike hald vil vi her prøve å gjenfortelle ein del av historikken til Voldneskonsernet, eit konsern som har vore av stor betydning for dei lokalsamfunna der det hadde sine avdelingar. Dette er eit omfattande arbeide og vil bli gjort gradvis frå februar 2010. Kjelder er boka frå jubileumsåret 1967, protokollar og andre skriftelege og munnlege kjelder. Målet med sida er ikkje å gi ein fullstendig beskrivelse, men få fram det viktigaste,. Tek forbehald om ev. kildefeil.

Fosnavåg kring 1925
Fosnavåg kring 1925

For å få med oss starten på verksemda må vi attende til tida kring 1900. På denne tida var det dårlege tider i Norge, og også på Sunnmøre. Mange reiste til Amerika for å søke lykka der. På garden Voldnes på Gurskøya var der 7 barn, 5 gutar og 2 jenter. Av desse var det kun yngsteguten Gerhard Voldnes (fødd 1892) som ikkje var i Amerika/Canada for ei kortare eller lengre tid. Det seier litt om korleis det var på gardane på den tida.

Faren Anders hadde garden «Voldnes» og var også skipper på eigen Sunnmørsåttring som var den mest typiske fiskebåten på den tida. Gerhard var yngst av brørne og var den som var lengst heime og hjalp foreldra på garden. Medan brørne var i utlandet var Gerhard m.a. på Lofoten og egna line vintersesongen 1908. I 1909 og i 1910 rodde han fiske med farens Sunnmørsåttring med utror frå Runde. Det var eit hardt liv sjølv med kort utror. Kaldt og tungt og lite søvn.

Vinteren 1911 fekk Gerhard gå på ungdomsskule i Ulsteinvik, som vart den einaste utdanninga han fekk. Vinteren 1912 fekk han være med på vårtoskefisket truleg med «RUNDØY», som då hadde fått motor (kjeldene er usikre her..). Han fekk dermed vere med på den spanande brytningstida frå åpne båtar med årar og segl, til dekka båtar med motordrift. Det var litt ein revulusjon som skjedde langs kysten når fiskebåtane fekk motor,og mange stadar skaut nye havner fram som ei følge av dette.

Hausten same året (1912) reiser Gerhard som då var 20 år gamal til Honningsvåg der storebroren Anders hadde fått seg jobb nokre månader før. I lag med Gerhard var også to andre karar på Gurskøya. Dei reiste med hurtgruta «Haakon Adelsten» på rimeligste måte og turen tok 10 døger. Komforten var det så som så med..

Anders som nyss hadde kome attende til Norge frå Amerika, skulle bestyre forretningsmannen Richard Floer jr. sitt anlegg/filial i Honningsvåg. Gerhard og dei to andre frå Gurskøya skulle arbeide med vanleg fiskearbeide der.

På denne tida var det småbåtene og seglskøyter med dorryer som dominerte fisket. Det vart nytta snøre (juksa) og line. Vårtorskefisket var det største fisket og torsk og hyse vart for det meste hengt opp på gjell for tørking.

«Pomorhandelen» med Russland var fortsatt i full sving på denne tida, og det var også lett for folk å få statsjord, dvs plass å starte verksemd på. Dei unge karane frå Sunnmøre opplevde ei heilt anna verd med ubegrensa moglegheiter jamført med heimtraktene.

Gerhard vart so oppslukt av dette at han etterkvart såg det som «si oppgåve» å trenge til botnar i alle ledd i fiskeria, frå fisken i båten via produksjon og foredling – til eksport og kontakt med kundar i framande land.

Gerhard gjorde det godt og vart etterkvart innkjøpsleiar hjå Floer jr. som hadde avdelingar i Taborshavn, Bøle, Kongsfjord, Kobbevåg og Honningsvåg på denne tida. Floer jf. vart ein av Finnmark sine verkeleg store forretningsmenn og vart mangemillionær desse åra.

På denne tida var «Nordlandsk- feitsild» svært ettertrakta, noko som tok seg sterkt opp særleg under første verdskrigen, ikkje minst som eksportvare. Norge var nøytralt land og kunne selge fisk og andre varer til dei stridande landa som trong mykje mat til soldatane.

På denne tida kunne silda sige inn i fjordane og stå fast der i lengre tid. Når isen kom saga fiskarane hol i isen, sette garna og lot straumen strekke den. Deretter drog dei opp garna. Eit svært tungt og iskaldt arbeid. Fangsten drog dei til lands på kjelkar. Gerhard var med på dette og uttalte at «dei fraus som hundar»..

I 1915 vart Anders kalla inn som nøytralitetsvakt jf. verdskrigen. På denne tida var det høve å sleppe dette om ei skaffa seg vikar. Floer jr. hadde sendt brev om at dei laut sette ein anann mann i Anders sin stad, «om dei so måtte tilsetje ein general». So viktig meinte ein at fiskeindustrien var for landet. Vikar kom på plass ! og Anders slapp å stille.

Tredjebroren Peder hadde også etterkvart kome attende frå Amerika/Canada. Etter at han kom attende hadde han også dreve med handel av fisk på eigan hand mellom anna på Runde og i Fosnavåg. Dei tre brørne og Floer jr. vart samde om å starte opp med såkalla «ameta forretning» (samarbeid) og det vart stordrift med ein gong (1915).

Dei kjøpte fisk og sild frå Fosnavåg-området i tillegg til aktiviteten ved Honningsvåg-anlegget. Som eit personleg selskap kalla dei verksemda «Floer & Br. Voldnes».

I mai 1916 starta dei med å bygge opp eit eige anlegg i Fosnavåg. Anders var disponent ved Honningsvåg-anlegget (som då vart eige anlegg, skild ut frå resten av R. Floer jr. sitt system), medan Peder vart disponent ved det nye anlegget dei førte opp i Fosnavåg, med mellom anna tønnefabrikk og sildesalteri. Etasja over tønnefabrikken vart innreia til losjihus for arbeidarar, og i den tilsvarande etasja i sjøhuset innreia dei husvære og kontor.

I Honningsvåg produserte dei saltsild, saltfisk, tørrfisk og guano. Guano var haud og ryggar bunta saman og hengt til tørk. Dette vart seinare levert til oppmaling til mjøl andre stader. I 1917 bygde dei nytt anlegg i Storbukt. Ein særleg grunn til denne plasseringa var at to elvar rann ut her, slik at vassmangel skjeldan var eit problem her som det var i sjølve Honningsvåg. Dette året tok dei i mot 4 millionar kilo fisk for henging og salting. Dei hadde 200 mann i arbeid.

I områda kring Fosnavåg hadde det fram til då vore torskefisket som hadde vore det store fisket. Men på denne tida ebba storsildinnsiget i nord ut, og det vart stadig meir sild lenger sør. Særleg ved gytefelta ved Runde tok silda seg etterkvart godt opp.

Det var verdenskrig og jobbetid. Men både England og Tyskland kom etterkvart med krav til Norge om ulike tiltak. Mellom anna at fiskarane laut levere til dei som skaffa dei drivstoff, og dei på land selge varer til dei som leverte utstyr, maskiner og jernband til sildetønner etc. Alle desse klausulane gjorde det vanskeleg å drive fritt. Ofte kunne ferdigvarer hope seg opp mellom anna grunna handelsblokader.

I Fosnavåg salta dei no fisk og sild i tønner, guano som seinare vart oppmalt ved ein fabrikk på Hareid, samt produksjon av tønner for andre lokale produsentar..

I åra 1917 -1919 var det eit yrande folkeliv i Fosnavåg. Det vert fortalt at ein handelsmann som hadde ei kone som skulle føde gjekk på verandaen og fyrte av eit skot med varsel om at no måtte folk vere meir stille. Det vart starten på eit durabeleg slagsmål mellom nordlendingar og søringar.. Ein millitærbåt måtte då kome til for å roe gemyttane..

Torsk og torskehaud i milliontall på hjell vart eit varemerke for Fosnavåg i desse åra.

Det var høgkonjunktur i Norge i åra kring første verdskrigen, men tilbakeslaget kom alt i 1919, og dragsuget varte til ut i 1921. Det vert sagt om denne tida at det vart mykje «vrakgods» i forretningslivet. Prisane kunne i desse åra falle til det halve av dagen før, og det var ikkje lett å drive forretning.

I Honningsvåg gjekk all forteneste frå gode år tapt, og verksemda der måtte avvikle i 1920. Men same 4 interessentar starta opp att AS Arctic og overtok eigedomane. Også i Fosnavåg tapte verksemda det meste av det som var tent åra før, men drifta gjekk vidare. Mange fiskeriverksemder i Norge måtte avvikle på denne tida og det var tunge tider både for dei på land og fiskarane.

I Fosnavåg

Kring 1920 var sildoljeindustrien på full fart inn i Norsk fiskerinæring. Fleire verksemder i Fosnavåg og omeign prøvar seg. Våren 1921 starta verksemda forsiktig med prøvedrift innan sildolje i lagerbygget ved tønnefabrikken i Fosnavåg. I starten var det mykje prøving og feiling. Silda vart kokt i store trekar. Mjøltørka var av Hollandsk opprinnelse og var berekna for tørking av sukkerroer, og kunne ikkje nyttast til kontinuerleg drift. Tørka var fyrt med koks. All maskinkraft kom frå dampmaskiner, der var ingen elektrisitet ved annlegget. Lys kom frå olje og karbidlampar.

Desse første åra produserte ein mykje limstoff, særleg godt eigna til bokbinding.

Peder leia denne første etableringa i Fosnavåg og han konstruerte også den første skikkelige sildepressa (etter den Hollandske) i 1922, ei såkalla dukpresse. Han vart firmaet i Fosnavåg sin første disponent og var ein kreativ kar med mange gode tekniske idear.

Gerhard var i Fosnavåg nokre månader i åra 1917-1919, kvar vintersesong i samband med produksjon og innkjøp. Frå 1921 tek han over som leiar, og Peder trekk seg då meir tilbake.

Gerhard flytta fast til Fosnavåg i 1921 medan Anders fortsette med å leie verkemda i Honningsvåg. Det vart stadig tyngre tider. Det herska djup depresjon langs heile kysten. Ålesund Kredtibank gjekk overende i 1922 og kravde attende uteståande frå kundane. Det vert fortalt at Gerhard nattestid klarte å selge frå lageret i Fosnavåg ved å ro varer ut på Holmefjorden. På denne måten fekk han inn pengar slik at banken fikk sitt og verksemda overlevde. Kanskje ikkje heilt etter boka, men det sei litt om tidene og pågangsmotet som trengdest i spesielle tider. Valuta var det vanskelig å stole på i det dette svinga kollossalt frå dag til dag.

Tidene var tunge og det var minimalt med kapital att i verksemda etter at banken hadde fått sitt. Anlegget var lite rasjonelt og drifta var famlande. Ein kan trygt sei at der var mange utfordringar å ta fatt i.

Men etter at Peder hadde konstruert den nye dukpressa og O.Synnes mek. Verksted hadde produsert den slapp ein no å presse oljen ut for hand.. Svakheita var at mjølet vart for feitt og presskaka for tjukk. Mangel på fagfolk i denne nye næringa gjorde at det var mykje prøving og feiling. Dei var i sannheit pionerar innan sildoljeindustrien karane som held på i denne perioda.

Fram til 1925 var produksjon av sildolje av «heil fisk» noko som fabrikkar i nordnorge fekk styre med. På Sunnmøre var det avfallsproduksjon fortsatt.

Etter krigen låg det også mykje saltsild og vart øydelagt og lakebrent kring om på mange anlegg. Dette vart no nytta som råstoff. Fabrikkane i Møre og Romsdal kjøpte avfall både frå saltsildproduksjon og hermetikkindustrien. I 1921 vart det produsert 650 tonn sildemjøl og 250 tonn sildolje til ein samla verdi av 230.000.-

Nevnast må også at når krigen slutta i 1918 var Tyskland villeg til å kjøpe 1,3 mill. tønner saltsild. Men eksporforbudet stoppa dette. Saltsildeksporten vart difor hemma i svært mange år og store lagre hopa seg opp.

I 1924 vart det montert nytt maskineri i lagerhusets øvste etasje. Jektefarten var fortsatt intakt og store mengder rygg og haud kom frå nordnorge med jekter. Dette var lossa med segl..

I 1925 vart det montert eit røykeri for sild. Då fekk verksemda eit bein til å stå på.

I frå 1927 vart sildeinnsiget stort ved Svinøyfeltet, og Fosnavåg vart eit senter for dette fiskeriet. Stadig meir av silda gjekk no til oppmaling. 30 % av oppfiska kvantum dette året gjekk til oppmaling. I denne tida og åra framover vart stadig meir av maskinene skifta ut til meir moderne utstyr som no kom i handelen.

Eige motoragregat vart montert i 1926, og det kom og opp ei ny og moderne damptørke i tillegg til den gamle. Trekara vart erstatta med steamkokarar. Det kom opp sildekummar og det vart innreia eit mjøllager (for sekk). Moderniseringa var i full gong.

1927 kjøpte dei ei sjøbud (Skipenes) som stod på naboeigedomen, og tok også til med sal av koks og salt (1928).

I 1928 vart dukpressa erstatta av ei skrupresse konstruert av I.P.Huse på Steinshamn. No kunne produksjonen verte meir kontinuerlig.

Sjølv om drifta gjekk betre var det vanskelig å drive seriøst i desse åra. Fabrikkane hadde sine agentar som selde produkta i «sine» havner og byar. Ofte underbydde dei kvarandre for å få til salg. Det var «fri omsetning». Ein kunne difor oppleve at prisen vart svært lav, utan at det eigentleg var nokon grunn til det.

Også overfor fiskarane var dette ei utfordring, Det vart spekulert i tilbod og etterspurdnad. Når fisket slo til kunne fabrikkane halde seg tilbake slik at prisen gikk ned (tilbodet vart større enn etterspurdnaden).

1927 er sett på som eit «svartår» for næringa.

«Sildesalslaget » vart oppretta 9 desember 1927. Gerhard Voldnes deltok som ein av to frå sildoljenæringa på Møre i forhandlingane og var ein pådrivar i dette arbeidet.

Seinare kom og andre lag som regulerte dette omsetning og salg. T.d Nordsildmel. Gerhard Voldnes var ein av pådrivarane for dette også. Ingen produsentar i Norge kunne drive med omsetning av sildolje og sildemjøl enn dei som var medlemmar.. På denne måten fekk ein til ei god regulering av omsetninga.

I 1933 var døgnkapasiteten ved anlegget kome godt opp, og det såg lovande ut for sesongen 1934.

Men natt til 10 oktober 1933 brann so og seie heile anlegget ned til grunnen. Brannen oppstod i tørka i 2330 tida rett før vaktskifte. Ein klarte så vidt å redde koks og oljelagera. Berre røykeriet og Skipenesbuda stod att. Tusenvis at sildetønner gikk også tapt.

No stod ein igjen ved ein korsveg. Assuransen var utilstrekkelig for gjenreising.

Honningsvåg

Etter at dei same eigarane etablerte AS Arctic vart det også i Honningsvåg satsa på sildoljeproduksjon og også limstoff. Det vart kjøpt inn same typer Hollandske maskiner som i Fosnavåg. Men dei fekk ikkje verksemda til å gå bra.

I 1923 starta Ricahard Floer jr nytt firma i Honningsvåg og også Anders Voldnes starta sitt eige der i 1924 med kjøp og sal av fisk. I det heile vart AS Arctic ikkje god forretning og eigarane tapte kring 90 % av den innskotne kapitalen. I 1928 vart dette selskapet avvikla og Honningsvåg Guanofabrikk AS vart etablert. Firrmaet overtok då eigedomane. Her vart Fosnavåg verksemda største eigar medan Richard, Gerhard og Anders også var med som privatpersonar.

Etter brannen i Fosnavåg

No var det meste tapt også i Fosnavåg, og Anders hadde starta for seg sjølv, Richard Floer hadde sine eigen føretak og Peder dreiv mønsterbruk på Gurskøya og starta seinare opp med sementfabrikk. Gerhard som hadde sett alt inn for å få drita i Fosnavåg til å gå ville bygge opp att. Dei tre bad seg utløyst. Peder vart løyst ut like etter brannen, dei to andre når det var «mogleg for Gerhard».

Den 2 juli 1936 tok Gerhard over aleine og fekk frie hender når det handla om gjenoppbygging etter brannen.

Utløysinga gjaldt både Fosnavågverksemda (Floer & Br. Voldnes AS) og Honningvågverksemda (Honningsvåg Guanofabrikk AS).

I 1941 døydde Anders Voldnes i Honningsvåg.

I 1944 vart firmanavnet i Fosnavåg endra til Gerh.Voldnes AS

Honningsvåg Guanofabrikk AS kvitta seg etterkvart med dei dårlege maskinene og fekk til typisk tørrguanoproduksjon inntil tyskerane brende heile anlegget i 1944.

Frå 1936 til 1952 var Gerhard eineeigar, men då kom sønene Anders Coren (1924-1984), Finn Gerhard (1926-2012) og Idar (1931-1999) med som eigarar. Alle sønene arbeidde i verksemda heile yrkeslivet.

Gerhard mangla skulegong bortsett frå ein vinter på ungdomsskule. Anders Coren vart sivilingeniør med ansvar for det tekniske i verksemda, Finn hadde økonomisk og fiskerirelatert utdanning med ansvar for fryseri, ferskfisk, bil og hermetikkindustrien, Idar vart kjemiingeniør og fekk etterkvart ansvaret for fabrikken i Honningsvåg.

Stikkordsmessig kan vi oppsummere litt enkelte av etableringane og større hendingar etter 1935;;

1936 etablerte Fosnavåg canning (hermetikkfabrikk) i Fosnavåg, 1936 tok til med sal for Norsk Brenselolje/bunkers og smøremidlar, 1938 etablerte Måløy Sildoljefabrikk (brent ned under Måløyraidet., bygd opp att etter krigen), 1938 bygde dei kontorbygget i Fosnavåg, 1940 overtok Ben buda og Nordstrandbuda (som også hadde eit lite fryseri) i Fosnavåg, 1941 starta bygging av Fryseriet i Fosnavåg (ferdidig 1947), 1950 nytt kontorbygg Fosnavåg og Måløy, kring 1950 nye verkstadsbygg og utvidingar ved sildoljefabrukken i Fosnavåg, det same i Honningsvåg,1947-53 stor utbygging på GEVO – lager av sild, djupvasskai og hall for lagring av sekk i Fosnavåg, 1950 talet bensinstasjonsdrift og bilverkstad i Fosnavåg, 1955 overtaking av Br. Nerem Slipps konkursbu i Fosnavåg, starta med mekanisk verkstad der og i Måløy då, nytt Håbrandanlegg i Måløy, 1956 Urheim velferdsbygg,i Fosnavåg. Strandheim i Måløy og Grand 2 i Honningsvåg, , kring 1970 bygging av siloanlegg for mjøl ved alle tre anlegga, og stadig mindre behov for lagring av av mjøl sekkar.

Verksemda produserte straum til eige forbruk og hadde abbonnentar ved anlegga.. Før krafta kom til folk i Herøy i 1952 var det Voldnes som skaffa kraft til mellom andre Kyrkja i Fosnavåg og ei del andre hus. I Fosnavåg bygde og verksemda kring 1950 eit hus der dei installerte frysebokser som «husmoren» kunne leige. Dette huset var tilknytta fryseriet i Ura. Der vart og laga bomberom i Ura, og dei store murane som i dag beskyttar mot steinras frå Tverrfjellet vart kosta som eit spleiselag mellom verksemda og det offentlege. Vegen som i dag heiter Gerhard Voldnes veg (tidlegare Strandgata) vart etablert som ein konsekvens av at verksemda skulle frakte råstoff til fabrikken frå anlegget GEVO ved holmefjorden, Og ferdige produkt (sildemjøl) gjekk motsatt veg. På folkemunne kalla «blodvegen». På GEVO bygde verksemda ei framtidsretta djupvasskai.

Gerh. Voldnes AS hadde eigarinteresser i sildoljefabrikkar på Haugsholmen og i Vardø. Gerhard var også med på å skipe Storsildlaget, Frionor og Nordsildmel (Sildemelfabrikkenes Landsforening), i tillegg var han aktiv i kommunestyre og formannskap, og elles i styre og stell i næringa i heile sitt yrkesaktive liv.

I 1962 starta firmaet med skipsbygging i Fosnavåg (sjå eigen knapp).

I 1967 fylte verksemda 50 år og var då ei av dei største private fiskriverksemdene i landet.

I 1973 vart Voldnes Bilservice AS etablert, og flytta då inn i ny og moderne bensinstasjon og verkstad på Demingane på Eggesbønes (sjå eigedomar).

I mange år var verksemda også agent for Maaløy Ruteselskap/Blålidbåtane som lasta ferskfisk til Bergen/kontinentet/UK og som hadde stål og anna utstyr med seg på retur.

Etter silda

Som kjent forsvann silda etter 1958. På 1960 talet vart det difor stadig vanskegare å få tak i råstoff til sildoljefabrikkane, og stadig fleire av desse vart lagt ned parallelt med ei storstilt kondemnering av dei mange fiskebåtane av tre. Den gamle produksjonsmåten med salting i tønner og dermed tradisjonell bruk av sjøbuder forsvann også på denne tida, og mange av dei store «sildedynastia» langs kysten smuldra opp. Dei fiskeværa som ikkje fekk til nye næringar opplevde dramatiske endringar og mange vart liggande brakke.

Dette kan nok sjåast på på same måte som det dei «gamle» handelsstadane opplevde kring 1900 når industrialiseringa langs kysten skaut fart.

Men Voldnes-konsernet med tre sildoljefabrikkar, hermetikkfabrikk, skipsverft og mekaniske verkstadar, fryseri, reiarlag, bilverkstad og bensinstasjon, bunkersanlegg, skipshandel, handel med sand, armering og sement, klippfisk, ferskfisk og tørrfiskproduksjon held stand utover heile 1960 talet. Dette truleg sidan dei låg strategisk til i gode hamner som Måløy, Fosnavåg og Honningsvåg, men også fordi dei var samla i eit større system som var godt organisert.

Honningsvåg-anlegget var lenge Norges største sildoljefabrikk. Der snakka lokalbefolkninga om å arrangere isshow og andre show inne i dei enorme råstofftankane som vart laga til der oppe midt på 1950 talet. Slike lagertankar var nybrottsarbeid på den tida. Ein kuriositet er at etter krigen vart to av motorane til slagskipet «Tirpitz» nytta til lysagregat ved fabikken. Ny fabrikkbygning vart ført opp kring 1950, denne vart erstatta av ny bygning på slutten av 1970 talet.

Anlegget i Måløy vart bygd nytt i 1948, og modernisert utover 1950 talet. Fabrikken gikk gjennom store endringar på 1980 talet.

Akkord og endringar

I Fosnavåg vart det mellom 1968 og 1975 gjort store investeringar i maskiner og utstyr ved alle produksjonsanlegga for fisk, samt at skipsverftet bygde over beddingen og laga ny platehall kring 1970. Men marknadane svikta for fleire av produkta til konsernet i 1973-74. Oljekrise og globale nedgongar gjortde det heile verre. Sildoljefabrikken i Fosnavåg måtte leggast ned ved strukturrasjonalisering i bransjen i 1976, og fleire av investeringar fekk ein no ikkje bruk for. Skipsbyggeriet hadde også tap på oppdrag. På den tid var verftet ein del av Gerh. Voldnes AS (men vart eige selskap i 72). Gode inntekter frå denne næringa kom difor ikkje inn att i morselskapet desse første åra på sytti-talet.

På grunn av alt dette fekk Gerh. Voldnes AS likvide problemer og måtte i 1976 gå gjennom ein akkord. Denne akkorden medførte at fryseriet, Urheim og GEVO – fisk måtte selgast ut av verksemda, i tillegg til at sildoljefabrikken altså vart strukturert. I ettertid kom der kritikk for måten enkelte involverte aktørar utanfor verksemda hadde handtert desse utfordringane, og også at dotterselskapa ikkje fekk høve til å trå til.

Fosnavåg havn kring 1980

Frå 1972 og 73 vart det slik at h.h.v. verftet og bilverkstad/bensinstasjonen fortsatte under eige navn som sjølvstendige AS.

Gerh. Voldnes AS vart etter dette eit reint holdingsselskap med dotterselskap i Måløy, Fosnavåg og Honningsvåg.

Verksemda i Måløy fortsatte med ordinær sildoljedrift og med ei lita mekanisk avdeling. På 1980 talet kjøpte ein opp Osmundsvåg Trandamperi og Ulvesund Formelfabrikk og var i ei periode eigar av Måløy Auto AS.

Fabrikken i Honningsvåg (Sild & Fiskeindustri AS) sleit med store råstoffproblem frå slutten av 1970 talet. Den vart lagd i statleg «møllpose» i lag med andre liknande verksemder i landsdelen i påvente av meir råstoff. På midten av 1980 talet gjekk Måløy fabrikken inn med midlar fleire gongar for å berge drifta etter ein akkord.

Tida i «møllpose» var vanskeleg både når de gjaldt å behalde gode folk og å få til godt nok vedlikehald av maskiner. Sesongen 1990 vart den siste, då vart det forsøkt kjørt litt råstoff, men drifta gjekk ikkje bra. I 1991 vart anlegget i Honningsvag si historie avslutta ved konkurs i det råstoffsituasjonen fortsatt ikkje var god nok, og der ikkje var vilje til meir stønad frå staten eller meir midlar frå eigarar.

I 1994 vart anlegget i Måløy seld til Welcon As som eit ledd i eit generansjonsskifte i Voldnes familia.

Riddar

Gerhard Voldnes vart slått til riddar av første klasse for sin innsats for norsk fiskerinæring 4 september 1967.

Når ein veit at det i gode sesongar arbeidde nærare 1000 menn og kvinner i verksemda, er det lett å tenkje seg at talet på tilsette som har vore innom verksemda er høgt