Historikk  –  Voldnes Skipsverft AS.

Voldnes Skipsverft AS si epoke vart avslutta i januar 2005. Her fyl litt informasjon om dette verftet som i mange år var ei hjørnesteinsbedrift i Fosnavåg, og med fleire pionerprosjekt på referanselista.

Gerhard Voldnes

Norsk skipsbyggingsindustri eller også kalla verftsindustrien har alltid hatt bølgedalar.  Begrepet verftskrise er eit kjend begrep innan mekanisk industri, og det har vore mange runder og mykje avskaling i verftsnæringa som er svært konkurranseutsett og ikkje minst kapitalkrevjande.

I frå midten av 1990 talet endra skipsbyggingsnæringa i Norge seg frå bygging av skip – til utrustning av skrog – levert frå lågkostland i Europa.  Voldnes var eit av dei siste nybyggingsverfta som slutta med produksjon av eigne skrog og starta med import av skrog i staden.  Dette var naudsynt for å i det heile teke få kontrakter. Siste sjøsettinga i Fosnavåg var linebåten «Harhaug» i 1998.

Denne omlegginga førte til at mange norske reparasjonsverksemder for båtar no også kunne tilby nybygg.  Kapasiteten ved norske verft auka derfor monaleg desse åra, og det skulle meir til av kontrakter for å halde alle desse tilbydarane i sving.  På grunn av kortare byggeperioder – les utrustningsperioder – kunne td. Voldnes levere to til tre gongar so mange skip som ved bygging på eigen bedding, det same gjaldt sjølvsagt  «alle andre» også.

I løpet av 1990 talet fornya mange norske fiskebåtreiarar  seg. Med på denne fornyinga var Voldnes Skipsverft AS.  Denne fornyinga avtok og stoppa dessverre heilt opp i starten på 2000 talet.

Dei siste åra av drifta vart det stadig færre prosjekt å konkurrere om. Ein annan trend vart også at mange av nybyggingskontraktene som verftet i utgangspunktet kunne konkurrere om vart plasserte ved verft i utlandet (som komplette båtar).  

I starten av april 2004 vart siste nybygget levert.  Etter det var arbeidsstokken for det meste utleigd eller permittert resten av 2004 i påvente av at interessante prosjekt skulle dukke opp. Det gjorde det dessverre ikkje..

Styret melde sjølv oppbod i januar 2005 i det ein ikkje såg noko lysning på situasjonen i dei marknadane verftet kunne konkurrere i.  Den boomen av nybyggingskontrakter som kom utover i 2005 i offshoremarknaden innebar for store og avanserte skip til at verftet kunne ha delteke.

Det siste nybygget «Herøyfjord» (bygg 63)  vart bygd til eit reiarlag i Herøy, og fekk fiskerinummeret

M -10 HØ.  

Det interessante er at dette fiskerinummeret også vart tildelt det aller første byggenummeret til verftet i 1963 – trålaren «Le touquet», som vart ombygd til snurpar/fraktebåt for Fosnavåg Havfiske AS v/ Gerh.Voldnes AS.

På ein måte var ringen då «slutta» for verksemda som i løpet av dei vel førti åra dei var i drift var pionerar på fleire områder.

Voldnes Skipsverft AS vart etablert som eige selskap i 1973,  men vart etablert alt i 1962 som ei avdeling under Gerh.Voldnes AS.  Voldnes hadde i 1955 kjøpt  «Nerem slippen» lenger ute i Nørvågen, og tok utviklinga vidare med nybygging frå 1962. Ein byggebedding for båtar opp mot 5000 tonn vart bygd like ved sildoljefabrikken i Ura. Planen var å nytte produksjonsfolka frå fiskeridelen også i skipsbygginga. Særleg på bygg 1 – «Gevobulk» var dette tilfellet.

Dei første åra vart ein hall på GEVO-anlegget i Fosnavåg sentrum nytta til platehall. Ferdige stålseksjonar vart frakta landevegen og sjøvegen til verftet inne i Ura.  I 1968 vart det bygd nye platehallar ved beddingen og også lagt tak på desse og beddinghallen.  Voldnes vart dermed av dei første i Norge som kunne bygge komplette båtar på inntil 80 meter under tak.

Anlegget var bereikna til å bygge og sjøsette båtar, opptrekksmoglegheiter var der ikkje ved sjølve verftet. Men fram til 1993 disponerte verftet den nevnte «Slippen» lenger ute på havna i Nørvågen. Men den vart etterkvart for liten og difor etterkvart avhenda (1994).  Fram til midten av 1980 talet vart alt av møblar til nybygga laga på slippen. Verdt å nevne er at i dag er det Herøy Kystlag som har sitt museum på denne slippen.

I 1960 og 70 åra var verftet ei hjørnesteinsverksemd i Fosnavåg.  Antall tilsette var oppe i kring 130 på det meste. Både på 60 og 70 talet var det fleire gode år med bra tilgong på kontrakter.  Men på tidleg 1980 tal, tørka marknadane opp.

Verksemda såg seg difor også om etter andre områder å drive i, og etablerte i 1982 ei dotterbedrift i Båtsfjord – Voldnes Skipsservice AS.  Men særleg manglande betalingsevne mellom kundane gjorde at verksemda der etterkvart fekk vanskar og vart til slutt lagt ned, trass i bra tilgong på reparasjonsarbeid. Planen med kjøpet var å vere klare i tilfelle det vart åpna for større offshore aktivitet i omrdet.  Ein god tanke, men dessverre alt for tidleg.

Voldnes Skipsverft AS var med som den største aksjonæren når Herøy Industrier AS vart etablert, og ein i 1988 kjøpte anlegget «Smedvik » i Tjørvåg.

Flytedokka som då i nokre år hadde vore fortøgd og i bruk ved ei kai på Eggesbønes vart då flytta dit, og alt utstyr på land likeså. Dette er på same området som Marine Harvest i dag har eit av verdas største lakseslakteri.   På Eggesbønes hadde ein i 3-4 år utført ei rekkje ombyggingoppdrag med anlegget i Ura som base og stålavdeling.  Dette anlegget – KS AS Herøydokk – hadde med fleire lokale aktørar på eigarsida  og hadde fungert bra.  Men når Smedvik i Tjørvåg vart til sals valde ein å heller satse der, ikkje minst grunna dei gode hall og beddingtilhøva, samt maskineringsverkstaden.

Ved etableringa i Tjørvåg var planene at anlegget i Fosnavåg skulle fortsette som eit stålanlegg og at utrustningar og reparasjonar skulle skje ved anlegget i Tjørvåg.  Verksemda i Tjørvåg hadde ein del oppdrag, men manglande nybyggingsoppdrag gjorde det vanskeleg å drive godt.

Det lukkast administrasjonen å få kontrakt på bygging av to kjemikalietankarar, men dessverre gjekk Sunmørsbanken konkurs når forbeholda i finansieringa skulle hevast.  Det lukkast ikkje å få til ny finansiering -eller oppdrag, og tida rann ut for dette selskapet. Det vart avvikla i 1991.

Voldnes Skipsverft AS  i Fosnavåg fortsette som før med prodkuksjon av seksjonar og også skrog.  Utover 1990 talet vart der gjort ein del fornyingar ved anlegget i Fosnavåg.  Dei største endringane kom i 1995/96 i form av ny seksjonshall med 100 tonns krankapasitet.

Frå starten i 1962 og fram til 1994 var verftet ein del av «Voldnes – konsernet».   Men i 1994 vart denne gruppa oppløyst i ein generasjonsskifteprosess.  Verftet hadde dermed ikkje same kapitalbase i ryggen som i «gamle dagar» og kunne heller då ikkje arbeide i slett same marknaden som i tidlegare tider. 

Men i 1997 gjekk ein innatt på nybyggingmarknaden. Mindre fiskebåtar og brønnbåtar hadde ein kapasitet til å bygge og finansiere og dette vart difor også satsingsområda.

Pionerar

Voldnes Skipsverft AS leverte i 1971 ein av dei til då største båtane som var bygd mellom Bergen og Trondheim (Kristian Ravn), i 1972 den aller første norskbygde Sypplybåten til norske reiarlag (Rig Pilot) og innvigde med det offshore perioda i Norge !

I 1980 den fyrste Standby båten for Nordsjøen (Standby Pioneer) og i 1999 det første norskbygd støtteskipet for seismikk (Sanco Sea).

Etter det vi kjenner til var mange av Voldnesbåtane som vart bygde på 1960 og 70 talet framleis i sving på 2000 talet, både i Afrika, syd Amerika og Kina.  Det vitnar om god kvalitet på produkta.  Ingen personar har vorte råka av alvorlege uhell ved verksemda, men historiene er mange om rare opplevingar og episoder.  Mange som har hatt eller har leiande stillingar innan den maritime næringa på Sunnmøre har hatt si tid på Voldnes, og det fortel om ei god tid der.

Verftet hadde i alle år ein trufast stab av tilsette, og mange har fått medalje for lang og tru teneste.  Ved nedlegginga ver der fleire som hadde vore med frå starten i 1962..

I ettertid vil ein nok kunne sjå at tida og utviklinga gjekk i frå verftet inne i på Fosnavåg havn,  i alle fall for båtar over ein viss størrelse.  Innløpet til Fosnavåg havn er smalt og havna er grunn.  I tillegg er der ikkje utvidingsmoglegheiter ved anlegget og ein har fiskeriverksemd og privathus heilt innpå seg med dei utfordringar dette fører med seg. 

Rekruttering av fagfolk var og ei stor utfordring siste åra, det same gjaldt å få tak i enkelte underleverandørar.  Særleg var konkurransen stor frå verft og mekanisk industri i Ulstein og Hareid.

Men verftet var i fleire år på slutten av driftstida ein av marknadsleiarane i Norge på mindre kystfiskefartøy (90 fotingar..)  men også denne fartøygruppa fekk stopp i kontraheringane kring 2002 og fall etterkvart nesten heilt bort ei tid.  Om denne nisja hadde hatt vidare behov for nybygg er det ikkje utenkjeleg at Voldnes kunne ha fortsett, men det får ein aldri vite..

I fleire omgongar frå 1998 forsøkte ein via konsulentar å hente inn fleire og kapitalsterke medeigarar til verftet. Ved ein generaskifteproses i 1993/94  i 1994 overtok  Finn Voldnes og sønene Gerhard; Finn-Børre og Robert Arent Voldnes verftet.  Robert overtok deretter alle aksjane (via holdingsselskapet Gerhard Voldnes AS) i 1997.  Å få inn nye eigarar var ikkje enkelt nettopp på grunn av den geografiske plasseringa  på Fosnavåg havn og låge marginar i denne næringa.

Men investeringsselskapet God Invest ASA kom inn på eigarsida i mai 2002 med 45 prosent.  Planen var at desse skulle bidra med finansiering og at verftet skulle kunne ta på seg andre og større oppdrag og på den måten få fleire bein å stå på.  Dessverre bukka det selskapet under i 2003, so verftet fekk ikkje den bistanden derifrå slik planen og intensjonane var.

Historia til Voldnes Skipsverft AS er ei god og viktig historie å fortelje.

Verftet vart i si tid etablert for å halde arbeidarane ved Voldnes-anlegget i arbeid utanom fiskesesongane.  Permittering var eit ord som Gerhard Voldnes og sønene ikkje likte. Dei tok samfunnsansvar.

Eigarane prøvde å halde jula i sving trass i svingande økonomiske resultat i mange år. Målet var heile tida å få til god og sikker arbeidsplass .

Etter ønske frå fleire hald presenterer vi her lista over nybygg ved verftet.

I tillegg til desse byggenummera har ei rekkje større og mindre skrog også vorte leverte frå verftet i ulik ferdiggrad. I alle år var også reparasjonar og vedlikehald særleg på den lokale fiskeflåta ein sental del av drifta.