Unikt selskapslokale i Fosnavåg.

"VOLDNESBYGGET - SELSKAPSLOKALE"..

Dette lokalet ligg på gateplan i "Voldnesbygget", Nørvågveien 9 i Fosnavåg.

Lokala er omgjort til selskapslokale med innslag av bedriftsmuseum.

I frå huset var nytt i 1938 og fram til 1976 hadde Gerh.Voldnes AS skipshandel og kolonialbutikk i lokala.

Etter at verksemda innskrenka i 1976 vart  den butikken lagt ned.  Men der har vore ulike typer butikkverksemd også etter den tid. 

Sidan 2009 har det vore utleige av desse lokala til selskapsføremål.

På veggane kan ein sjå bilete frå utviklinga i Fosnavåg og i verksemda frå 1916 og framover.  Kring om i lokalet finn ein også ein god del eldre gjenstandar, dei fleste med tilknyting til Voldnes-konsernet.

Lokala eignar seg godt til møter og kurs, konfirmasjonar, etterlag for gravferder, til barnedåpar, bursdager og firmafestar.

Lokala har vanleg kjøken med utstyr,  ein intim salong/lounge og to større rom med bord og stolar.

Der er greitt å gå ut for å  lufte seg, og der er god  parkering langs vegen. I 2015 vart det bygd tak over uteplassen.

Frå "luftesona" ute har ein fin utsikt over Fosnavåg havn.

Lokalet har kapasitet for inntil 50 personar, og der er utstyr til same antal.  Men mest ideelt er kring 35 personar.