Historie.

Fosnavåg kring 1930
Fosnavåg kring 1930

"Voldneskonsernet" vart etterkvart eit kjent begrep innan norsk fiskerinæring. Etter opp og nedgangar i åra 1915 til 1933, vart det særleg frå midten av 1930 åra ei kraftig utvikling i konsernet. 

Verksemda vaks jevnt og trutt og vart til slutt norges største private fiskerikonsern på 1950 og 60 talet. Etter nokre tunge år på 1970 talet vart verksemda redusert til eit

Etter påtrykk frå ulike hald vil vi her prøve å gjenfortelle ein del av historikken til Voldneskonsernet, eit konsern som har vore av stor betydning for dei lokalsamfunna der det hadde sine avdelingar.  Dette er eit omfattande arbeide og vil bli gjort gradvis frå februar 2010.  Kjelder er boka frå jubileumsåret 1967, protokollar og andre skriftelege og munnlege kjelder.  Målet med sida er ikkje å gi ein fullstendig beskrivelse, men få fram det viktigaste,.  Tek forbehald om ev. kildefeil.

Fosnavåg kring 1925

 

Fosnavåg 1955

 For å få med oss starten på verksemda må vi attende til tida kring 1900.  På denne tida var det dårlege tider i Norge, og også på Sunnmøre.  Mange reiste til Amerika for å søke lykka der.  På garden Voldnes på Gurskøya var der 7 barn, 5 gutar og 2 jenter. Av desse var det kun yngsteguten Gerhard Voldnes (fødd 1892) som ikkje var i Amerika/Canada for ei kortare eller lengre tid.  Det seier litt om korleis det var på gardane på den tida.

Faren Anders hadde garden "Voldnes" og var også skipper på eigen Sunnmørsåttring som var den mest typiske fiskebåten på den tida. Gerhard var yngst av brørne og var den som var lengst heime og hjalp foreldra på garden.  Medan brørne var i utlandet var Gerhard m.a. på Lofoten og egna line vintersesongen 1908.  I 1909 og i 1910  rodde han fiske med farens Sunnmørsåttring med utror frå Runde. Det var eit hardt liv sjølv med kort utror. Kaldt og tungt og lite søvn.

Vinteren 1911 fekk Gerhard gå på ungdomsskule i Ulsteinvik,  som vart den einaste utdanninga han fekk.  Vinteren 1912 fekk han være med på vårtoskefisket truleg med "RUNDØY", som då hadde fått motor (kjeldene er usikre her..).   Han fekk dermed vere med på den spanande brytningstida frå åpne båtar med årar og segl, til dekka båtar med motordrift. Det var litt ein revulusjon som skjedde langs kysten når fiskebåtane fekk motor,og mange stadar skaut nye havner fram som ei følge av dette.

Hausten same året (1912) reiser Gerhard som då var 20 år gamal til Honningsvåg der storebroren Anders hadde fått seg jobb nokre månader før. I lag med Gerhard var også to andre karar på Gurskøya. Dei reiste med hurtgruta "Haakon Adelsten" på rimeligste måte og turen tok 10 døger. Komforten var det så som så med..

Anders som nyss hadde kome attende til Norge frå Amerika, skulle bestyre forretningsmannen Richard Floer jr. sitt anlegg/filial i Honningsvåg. Gerhard og dei to andre frå Gurskøya skulle arbeide med vanleg fiskearbeide der.

På denne tida var det småbåtene og seglskøyter med dorryer som dominerte fisket. Det vart nytta snøre (juksa) og line. Vårtorskefisket var det største fisket og torsk og hyse vart for det meste hengt opp på gjell for tørking.

"Pomorhandelen" med Russland var fortsatt i full sving på denne tida, og det var også lett for folk å få statsjord, dvs plass å starte verksemd på. Dei unge karane frå Sunnmøre opplevde ei heilt anna verd med ubegrensa moglegheiter jamført med heimtraktene.

Gerhard vart so oppslukt av dette at han etterkvart såg det som "si oppgåve" å trenge til botnar i alle ledd i fiskeria, frå fisken i båten via produksjon og foredling - til eksport og kontakt med kundar i framande land.

Gerhard gjorde det godt og vart etterkvart innkjøpsleiar hjå Floer jr. som hadde avdelingar i Taborshavn, Bøle, Kongsfjord, Kobbevåg og Honningsvåg på denne tida. Floer jf. vart ein av Finnmark sine verkeleg store forretningsmenn og vart mangemillionær desse åra.

På denne tida var "Nordlandsk- feitsild"  svært ettertrakta, noko som tok seg sterkt opp særleg under første verdskrigen, ikkje minst som eksportvare.  Norge var nøytralt land og kunne selge fisk og andre varer til dei stridande landa som trong mykje mat til soldatane.

På denne tida kunne silda sige inn i fjordane og stå fast der i lengre tid.  Når isen kom saga fiskarane hol i isen, sette garna og lot straumen strekke den. Deretter drog dei opp garna. Eit  svært tungt og iskaldt arbeid.  Fangsten drog dei til lands på kjelkar. Gerhard var med på dette og uttalte at "dei fraus som hundar"..

I 1915 vart Anders kalla inn som nøytralitetsvakt jf. verdskrigen.  På denne tida var det høve å sleppe dette om ei skaffa seg vikar. Floer jr. hadde sendt brev om at dei  laut sette ein anann mann i Anders sin stad, "om dei so måtte tilsetje ein general".  So viktig meinte ein at fiskeindustrien var for landet.  Vikar kom på plass ! og Anders slapp å stille.

Tredjebroren Peder hadde også etterkvart kome attende frå Amerika/Canada.  Etter at han kom attende hadde han også dreve med handel av fisk på eigan hand mellom anna på Runde og i Fosnavåg. Dei tre brørne og Floer jr. vart samde om å starte opp med såkalla "ameta forretning" (samarbeid) og det vart stordrift med ein gong (1915). 

Dei kjøpte fisk og sild frå Fosnavåg-området i tillegg til aktiviteten ved  Honningsvåg-anlegget. Som eit personleg selskap kalla dei verksemda  "Floer & Br. Voldnes".

I mai 1916 starta dei med å bygge opp eit eige anlegg i Fosnavåg.  Anders var disponent ved Honningsvåg-anlegget (som då vart eige anlegg, skild ut frå resten av R. Floer jr.  sitt system), medan Peder vart disponent ved det  nye anlegget dei førte opp i Fosnavåg, med mellom anna tønnefabrikk og sildesalteri. Etasja over tønnefabrikken vart innreia til losjihus for arbeidarar, og i den tilsvarande etasja i sjøhuset innreia dei husvære og kontor.

I Honningsvåg produserte dei saltsild, saltfisk, tørrfisk og guano. Guano var haud og ryggar bunta saman og hengt til tørk. Dette vart seinare levert til oppmaling til mjøl andre stader. I 1917 bygde dei nytt anlegg i Storbukt.  Ein særleg grunn til denne plasseringa var at to elvar rann ut her, slik at vassmangel skjeldan var eit problem her som det var i sjølve Honningsvåg.  Dette året tok dei i mot 4 millionar kilo fisk for henging og salting. Dei hadde 200 mann i arbeid.

I områda kring Fosnavåg hadde det fram til då vore torskefisket som hadde vore det store fisket.  Men på denne tida ebba storsildinnsiget i nord ut, og det vart stadig meir sild lenger sør.  Særleg ved gytefelta ved Runde tok silda seg etterkvart godt opp.

Det var verdenskrig og jobbetid. Men både England og Tyskland kom etterkvart med krav til Norge om ulike tiltak.  Mellom anna at fiskarane laut levere til dei som skaffa dei drivstoff, og dei på land selge varer til dei som leverte utstyr, maskiner og jernband til sildetønner etc.   Alle desse klausulane gjorde det vanskeleg å drive fritt.  Ofte kunne ferdigvarer hope seg opp mellom anna grunna handelsblokader.

I Fosnavåg salta dei no fisk og sild i tønner, guano som seinare vart oppmalt ved ein fabrikk på Hareid, samt produksjon av tønner for andre lokale produsentar..

I åra 1917 -1919  var det eit yrande folkeliv i Fosnavåg.  Det vert fortalt at ein handelsmann som hadde ei kone som skulle føde gjekk på verandaen og fyrte av eit skot med varsel om at no måtte folk vere meir stille.  Det vart starten på eit durabeleg slagsmål mellom nordlendingar og søringar..  Ein millitærbåt måtte då kome til for å roe gemyttane..

Torsk og torskehaud i milliontall på hjell vart eit varemerke for Fosnavåg i desse åra.

Det var høgkonjunktur i Norge i åra kring første verdskrigen, men tilbakeslaget kom alt i 1919, og dragsuget varte til ut i 1921.  Det vert sagt om denne tida at det vart mykje "vrakgods" i forretningslivet.  Prisane kunne i desse åra falle til det halve av dagen før, og det var ikkje lett å drive forretning.

I  Honningsvåg gjekk all forteneste frå gode år tapt, og verksemda der måtte avvikle i 1920.  Men same 4 interessentar starta opp att AS Arctic og overtok eigedomane. Også i Fosnavåg tapte verksemda det meste av det som var tent åra før, men drifta gjekk vidare.  Mange fiskeriverksemder i Norge måtte avvikle på denne tida og det var tunge tider både for dei på land og fiskarane.

I Fosnavåg;

Kring 1920 var sildoljeindustrien på full fart inn i Norsk fiskerinæring.  Fleire verksemder i Fosnavåg og omeign prøvar seg.  Våren 1921 starta verksemda forsiktig med prøvedrift innan sildolje i lagerbygget ved tønnefabrikken i Fosnavåg.  I starten var det mykje prøving og feiling. Silda vart kokt i store trekar. Mjøltørka var av Hollandsk opprinnelse og var berekna for tørking av sukkerroer, og kunne ikkje nyttast til kontinuerleg drift. Tørka var fyrt med koks. All maskinkraft kom frå dampmaskiner, der var ingen elektrisitet ved annlegget. Lys kom frå olje og karbidlampar.

Desse første åra produserte ein mykje limstoff, særleg godt eigna til bokbinding.

Peder leia denne første etableringa i Fosnavåg og han konstruerte også den første skikkelige sildepressa (etter den Hollandske) i 1922, ei såkalla dukpresse. Han vart firmaet i Fosnavåg sin første disponent og var ein kreativ kar med mange gode tekniske idear.

Gerhard var i Fosnavåg nokre månader i åra 1917-1919, kvar vintersesong i samband med produksjon og innkjøp.  Frå 1921 tek han over som leiar, og Peder trekk seg då meir tilbake.

Gerhard flytta fast til Fosnavåg i 1921 medan Anders fortsette med å leie verkemda i Honningsvåg. Det vart stadig tyngre tider.  Det herska djup depresjon langs heile kysten.   Ålesund Kredtibank gjekk overende i 1922 og kravde attende uteståande frå kundane.  Det vert fortalt at Gerhard nattestid klarte å selge frå lageret i Fosnavåg ved å ro varer ut på Holmefjorden. På denne måten fekk han inn pengar slik at banken fikk sitt og verksemda overlevde.  Kanskje ikkje heilt etter boka, men det sei litt om tidene og pågangsmotet som trengdest i spesielle tider.  Valuta var det vanskelig å stole på i det dette svinga kollossalt frå dag til dag.

Tidene var tunge og det var minimalt med kapital att i verksemda etter at banken hadde fått  sitt. Anlegget var lite rasjonelt og drifta var famlande. Ein kan trygt sei at der var mange utfordringar å ta fatt i.

Men etter at Peder hadde konstruert den nye dukpressa og O.Synnes mek. Verksted hadde produsert den slapp ein no å presse oljen ut for hand.. Svakheita var at mjølet vart for feitt og  presskaka for tjukk.  Mangel på fagfolk i denne nye næringa gjorde at det var mykje prøving og feiling.  Dei var i sannheit pionerar innan sildoljeindustrien karane som held på i denne perioda.

Fram til 1925 var produksjon av sildolje av "heil fisk" noko som fabrikkar i nordnorge fekk styre med.  På Sunnmøre var det avfallsproduksjon fortsatt.

Etter krigen låg det også mykje saltsild og vart øydelagt og lakebrent kring om på mange anlegg. Dette vart no nytta som råstoff.  Fabrikkane i Møre og Romsdal kjøpte avfall både frå saltsildproduksjon og hermetikkindustrien. I 1921 vart det produsert 650 tonn sildemjøl og 250 tonn sildolje til ein samla verdi av 230.000.-

Nevnast må også at når krigen slutta i 1918 var Tyskland villeg til å kjøpe 1,3 mill. tønner saltsild.  Men eksporforbudet stoppa dette. Saltsildeksporten vart difor hemma i svært mange år og store lagre hopa seg opp.

I 1924 vart det montert nytt maskineri i lagerhusets øvste etasje. Jektefarten var fortsatt intakt og store mengder rygg og haud kom frå nordnorge med jekter. Dette var lossa med segl..

I 1925 vart det montert eit røykeri for sild. Då fekk verksemda eit bein til å stå på.

I frå 1927 vart sildeinnsiget stort ved Svinøyfeltet, og Fosnavåg vart eit senter for dette fiskeriet. Stadig meir av silda gjekk no til oppmaling. 30 % av oppfiska kvantum dette året gjekk til oppmaling.  I denne tida og åra framover vart stadig meir av maskinene skifta ut til meir moderne utstyr som no kom i handelen.

Eige motoragregat vart montert i 1926, og det kom og opp ei ny og moderne damptørke i tillegg til den gamle. Trekara vart erstatta med steamkokarar. Det kom opp sildekummar og det vart innreia eit mjøllager (for sekk). Moderniseringa var i full gong.

1927 kjøpte dei ei sjøbud (Skipenes) som stod på naboeigedomen, og tok også til med sal av  koks og salt (1928).

I 1928 vart dukpressa erstatta av ei skrupresse konstruert av I.P.Huse på Steinshamn. No kunne produksjonen verte meir kontinuerlig.

Sjølv om drifta gjekk betre var det vanskelig å drive seriøst i desse åra.  Fabrikkane hadde sine agentar som selde produkta i "sine" havner og byar.  Ofte underbydde dei kvarandre for å få til salg. Det var "fri omsetning". Ein kunne difor oppleve at prisen vart svært lav, utan at det eigentleg var nokon grunn til det.

Også overfor fiskarane var dette ei utfordring, Det vart spekulert i tilbod og etterspurdnad.  Når fisket slo til kunne fabrikkane halde seg tilbake slik at prisen gikk ned (tilbodet vart større enn etterspurdnaden).

1927 er sett på som eit "svartår" for næringa.

"Sildesalslaget " vart oppretta 9 desember 1927. Gerhard Voldnes deltok som ein av to frå sildoljenæringa på Møre i forhandlingane og var ein pådrivar i dette arbeidet.

Seinare kom og andre lag som regulerte dette omsetning og salg. T.d Nordsildmel. Gerhard Voldnes var  ein av pådrivarane for dette også. Ingen produsentar i Norge kunne drive med omsetning av sildolje og sildemjøl enn dei som var medlemmar..  På denne måten fekk ein til ei god regulering av omsetninga.

I 1933 var døgnkapasiteten ved anlegget kome godt opp, og det såg lovande ut for sesongen 1934.

Men natt til 10 oktober 1933 brann so og seie heile anlegget ned til grunnen. Brannen oppstod i tørka i 2330 tida rett før vaktskifte. Ein klarte så vidt å redde koks og oljelagera. Berre røykeriet og Skipenesbuda stod att. Tusenvis at sildetønner gikk også tapt.

No stod ein igjen ved ein korsveg.  Assuransen var utilstrekkelig for gjenreising.

Honningsvåg;

Etter at dei same eigarane etablerte AS Arctic vart det også i Honningsvåg satsa på sildoljeproduksjon og også limstoff. Det vart kjøpt inn same typer Hollandske maskiner som i Fosnavåg.  Men dei fekk ikkje verksemda til å gå bra.

I 1923 starta Ricahard Floer jr nytt firma i Honningsvåg og også Anders Voldnes starta sitt eige der i 1924 med kjøp og sal av fisk.  I det heile vart AS Arctic ikkje god forretning og eigarane tapte kring 90  % av den innskotne kapitalen.  I 1928 vart dette selskapet avvikla og Honningsvåg Guanofabrikk AS vart etablert. Firrmaet overtok då eigedomane. Her vart Fosnavåg verksemda største eigar medan Richard, Gerhard og Anders også var med som privatpersonar.

 Etter brannen i Fosnavåg;

No var det meste tapt også i Fosnavåg, og Anders hadde starta for seg sjølv, Richard Floer hadde sine eigen føretak og Peder dreiv mønsterbruk på Gurskøya og starta seinare opp med sementfabrikk. Gerhard som hadde sett alt inn for å få drita i Fosnavåg til å gå ville bygge opp att.  Dei tre bad seg utløyst.  Peder vart løyst ut like etter brannen, dei to andre når det var "mogleg for Gerhard".

Den 2 juli 1936 tok Gerhard over aleine og fekk frie hender når det handla om gjenoppbygging etter brannen.

Utløysinga gjaldt både Fosnavågverksemda (Floer & Br. Voldnes AS) og Honningvågverksemda (Honningsvåg Guanofabrikk AS).

I 1941 døydde Anders Voldnes i Honningsvåg.

I 1944 vart firmanavnet i Fosnavåg endra til Gerh.Voldnes AS

Honningsvåg Guanofabrikk AS kvitta seg etterkvart med dei dårlege maskinene og fekk til typisk tørrguanoproduksjon inntil tyskerane brende heile anlegget i 1944.

 Frå 1936 til 1952 var Gerhard eineeigar, men då kom sønene Anders Coren (1924-1984), Finn Gerhard (1926-2012) og Idar (1931-1999) med som eigarar. Alle sønene arbeidde i verksemda heile yrkeslivet.

Gerhard mangla skulegong bortsett frå ein vinter på ungdomsskule. Anders Coren vart sivilingeniør med ansvar for det tekniske i verksemda, Finn hadde økonomisk og fiskerirelatert utdanning med ansvar for fryseri, ferskfisk, bil og hermetikkindustrien, Idar vart kjemiingeniør og fekk etterkvart ansvaret for fabrikken i Honningsvåg.

Stikkordsmessig kan vi oppsummere litt enkelte av etableringane og større hendingar etter 1935;;

1936 etablerte Fosnavåg canning (hermetikkfabrikk) i Fosnavåg, 1936 tok til med sal for Norsk Brenselolje/bunkers og smøremidlar,  1938 etablerte Måløy Sildoljefabrikk (brent ned under Måløyraidet., bygd opp att etter krigen), 1938 bygde dei kontorbygget i Fosnavåg, 1940 overtok Ben buda og Nordstrandbuda (som også hadde eit lite fryseri) i Fosnavåg, 1941 starta bygging av Fryseriet i Fosnavåg (ferdidig 1947), 1950 nytt kontorbygg Fosnavåg og Måløy, kring 1950  nye verkstadsbygg og utvidingar ved sildoljefabrukken i Fosnavåg, det same i Honningsvåg,1947-53 stor utbygging på GEVO - lager av sild, djupvasskai og hall for lagring av sekk i Fosnavåg, 1950 talet bensinstasjonsdrift og bilverkstad  i Fosnavåg, 1955 overtaking av Br. Nerem Slipps konkursbu i Fosnavåg, starta med mekanisk verkstad der og i Måløy då, nytt Håbrandanlegg i Måløy, 1956 Urheim velferdsbygg,i Fosnavåg. Strandheim i Måløy og Grand 2 i Honningsvåg, , kring 1970 bygging av siloanlegg for mjøl ved alle tre anlegga, og stadig mindre behov for lagring av av mjøl sekkar.

Verksemda produserte straum til eige forbruk og hadde abbonnentar ved anlegga..  Før krafta kom til folk i Herøy i 1952 var det Voldnes som skaffa kraft til mellom andre Kyrkja i Fosnavåg og ei del andre hus. I Fosnavåg bygde og verksemda kring 1950 eit hus der dei installerte frysebokser som "husmoren" kunne leige. Dette huset var tilknytta fryseriet i Ura.  Der vart og laga bomberom i Ura, og dei store murane som i dag beskyttar mot steinras frå Tverrfjellet vart kosta som eit spleiselag mellom verksemda og det offentlege.  Vegen som i dag heiter Gerhard Voldnes veg (tidlegare Strandgata) vart etablert som ein konsekvens av at verksemda skulle frakte råstoff til fabrikken frå anlegget GEVO ved holmefjorden, Og ferdige produkt (sildemjøl) gjekk motsatt veg. På folkemunne kalla "blodvegen".  På GEVO bygde verksemda ei framtidsretta djupvasskai.

Gerh. Voldnes AS hadde eigarinteresser i sildoljefabrikkar på Haugsholmen og i Vardø. Gerhard var også med på å skipe Storsildlaget, Frionor og Nordsildmel (Sildemelfabrikkenes Landsforening), i tillegg var han aktiv i kommunestyre og formannskap, og elles i styre og stell i næringa i heile sitt yrkesaktive liv.