Eigedomar

Våre eigedomar i Fosnavåg;

"VOLDNESBYGGET"

Dette huset vart bygd i eigen regi i 1938.  Huset var opprinneleg teikna i 4 etasjer, men vart til slutt bygd i 5.   I 1965-66 vart huset påbygd vestover med meir butikkareal og kontor.

Huset var frå starten av eit kombinert lager, butikk og kontorbygg.  Skipshandelen her var i drift frå 1938 til 1976.  Etter det har der vore ulike typer butikk i butikklokala som i dag er omgjort til selskapslokaler.

Nokre av lokala i kontorbygget framstår i dag som dei gjorde på 1940 og 50 talet, og er difor heilt unike.  Enkelte har omtalt dette huset som Fosnavåg si vugge når det gjeld det moderne næringslivet.  Dette kjem nok av den sentrale rolla som Voldnes-konsernet hadde for Fosnavåg si utvikling, og at dette huset var "hjartet" i verksemda.

Huset inneheld i dag lager, kontor og selskapslokale.. 

 

"Voldnesbygget" , Nørvågvegen 9.

Mellom andre held FOA - foto og grafisk studio til i bygget, det same gjer stiftinga Herøyspelet.

Om du vil leige eit kontor her, ta kontakt.

 

 

STATOIL FOSNAVÅG-
Vi eig anlegget som huser Statoil på "Demingane" på Eggesbønes.

Frå 1936 var firmaet forhandlar av bunkers i Fosnavåg (Norsk Brendselolje). På 1950 talet vart dette omgjort til  BP. På denne tid starta verksemda også med eigne utsal av drivstoff til bilar i Ura og på GEVO  (der MENY Fosnavåg er i dag).  Verksemda hadde og då laga til bilverkstad for eigne køyretøy som etterkvart vart utvida til ordinær bilverkstad. Verksemda hadde etter det vi kjenner til - første lastebilen i Fosnavåg. På 1950 talet og framover fekk verksemda mange kjøretøy som bulldozerar, truckar, lastebilar etc. som trengte vedlikehald og reparasjonar.

I 1972/73 hadde Herøy Kommune bygd eit industribygg på Demingane som ein ikkje viste kva ein skulle nytte til.  Vår verksemd kjøpte bygget og Voldnes Bilservice AS vart skipa for å drive moderne bilverkstad og bensinstasjon/"autoshop" i bygget.  Bensinstasjonen og bilverkstaden i Ura vart  flytta dit i 1973.

Inntil i 2008 hadde vi sjølve drifta av stasjonen under navnet Voldnes Bilservice AS. Men driftsselskapet vart seld  i 2008.  Anlegget leigast no ut til STATOIL.

Anlegget har hatt noværande form sidan 1992 då den vesle statoilbutikken på austveggen vart reven, og butikken flytta inn der som det før var bilverkstad og ei periode butikk. 

Bensinstasjonen slik den såg ut frå 1973 (BP), og fram til 1992 (Norol og seinare Statoil).

Stasjonen etter flytting i 1992.  

 

Igesundvegen 40 , Fosnavåg.

Her har vi eit større bustadhus for utleige til utanlands arbeidskraft.